Det var i mai i år at NAF sitt medlemsmagasin Motor sette i gang ei konkurranse for å finne årets beste vegmat. Lesarane av magasinet nominerte fram 121 spiseplassar langs norske vegar. Av desse vart det plukka ut 12 finalistar.

Vinnaren av konkurransen vart offentleggjort i siste utgåve av Motor. Vegkroa som stakk av med sigeren «Årets vegmat 2015», er vegkroa Trattoria Capri ved E6 i Varangerbotn i Finnmark.

I NAF-magasinet kjem det også fram at Skeid Kro i Skjåk var blant dei 12 finalistane i konkurransen. Om den tradisjonsrike kroa ved Rv15 i Bismo, skriv juryen fylgjande:

«God heimelaga lokalmat heilt ned til spekepølsene og skinka. Her er det godt handverk og variert mat til ein svært billig penge. I tillegg er det reint, ljost og utruleg imøtekomande. Lokala er kanskje ikkje så morosame i seg sjølv, men det gjer til sjuande og sist svært lite.».

I kåringa av årets vegmat har juryen for utan smak lagt vekt på service, reinhald og lokal identitet ved dei ulike plassane. At spiseplassane har ope heile året, at dei har ope mesteparten av dagen, og at dei ligg ved vegen, var viktige kriterium. Juryen har bestått av kjøkensjef på restaurant Fjøla i Oslo, Christer Rødseth, fotograf Mette Randem og matskribent Henrik J. Henriksen.

Reportasjen med kåringa av landets beste vegmat går over åtte sider i Motor, og slik ser juryen attende på besøket hjå finalisten Skeid Kro:

«Vi ruslar ut i sommarkveldslufta med smaken av pysje frå Skjåk og rømmegraut i munnen og elva Otta sildrande i øyra. Nok eit besøk har vist seg å romme mykje meir enn det våre fordommar tilsa. Her var det kjøtsuppe med eit syrleg sting av eddik, med ekte innkokt kjøtkraft i botnen. Her var det ein speketallerken med spekemat som ikkje prøvde å likne på noko frå den iberiske halvøy, flankert med potetsalat og eggerøre som smakte både av poteter og egg. Smila var varme, toaletta reine, og prisene omvendt proporsjonale med fjella vi akkurat hadde kryssa.».

På Facebook-sida si skriv Skeid Kro at dei er kjempestolte over å ha vore finalist i NAF-magasinet si kåring av «Årets vegmat 2015». Og når kroa i Bismo er blant dei beste i landet på vegmat, så har dei god grunn til å vere stolte ...