I helga går «Blues over tregrensa» av stabelen på Grotli Høyfjellshotel i Skjåk. Dette er fjortande gongen at den populære bluesfestivalen blir arrangert. Det er Grotli Høyfjellshotel som står som arrangør, i samarbeid med Randi Bakken og Raymond Vassplassen, som har ansvaret for den musikalske delen av arrangementet.

Hotellet er så godt som fullbooka før helga, og mange køyrer timevis frå båe sider av fjellet for å få oppleve «Blues over tregrensa», som også i år byr på mange musikalske godbitar.

Blueshelga på Grotli har etterkvart opparbeidd seg eit rykte som gjer at artistane står i kø for å spele der. Årets bluesartistar består av mellom andre «Noise Pollution», «Jelly Roll Men», Joakim Tinderholt og Håkon Høye.

Det er ikkje berre artistane som står i kø for «Blues over tregrensa». Også publikum kjem att år etter år. Gjestar som ikkje får bestilt seg rom tidsnok, kjem gjerne med campingvogn og bobil, og slår seg til for å ta del i blueshelga.

Det blir musikk både fredag og laurdag kveld. Laurdag føremiddag vil det også bli dagblues på hotellet, med gratis inngang for alle som vil kome og få smakebitar frå helgas program.

Mykje bygdefolk brukar også å ta turen til «Blues over tregrensa» kvart år. Det er ikkje slik at ein må overnatte for å ta del i bluesarrangementet på Grotli, men dei som ynskjer å delta kan ta turen og kjøpe seg billettar for éin eller to dagar.