Tema

tirsdag 28.09 2021

Tok inn mange tusen kroner på trimkafé på skulen

Pengane strøymde inn da Skjåk barne- og ungdomsskule inviterte små og store til trimkafé torsdag i førre veke.

fredag 24.09 2021

Alt er klart for nystuguball på Interfil

Ferdigstillinga av den 2.250 kvadratmeter store lager- og ekspedisjonshallen til hjørnesteinsbedrifta Interfil skal feirast fredag.

fredag 17.09 2021

Museumsdirektøren i Skjåk er overvelda over besøkstalet

Helge Skjåk tykkjer besøkstalet på OKB-museet i Bismo har vore over all forventning sidan opninga i sommar.

fredag 10.09 2021

«Vassendgutane» til Skjåk i oktober

Laurdag 9. oktober er det Hausttakk i Bismo. Om kvelden blir det fest med «Vassendgutane».

mandag 06.09 2021

Skal drifte Skjåk trenings- og frisklivssenter

Ei satsing på eit kombinert trenings- og frisklivssenter er noko Margrete Morken Bøye trur kan koma innbyggjarane i Skjåk til gode.

fredag 03.09 2021

5arns Data har flytta inn i Smiu

– Det er fint å kunne vera ein del av eit sosialt fellesskap.

torsdag 02.09 2021

Politisk kveld med valprat, mat og konsert for ungdom i Skjåk

Ungdomsrådet i Skjåk inviterer ungdomen til valkveld på Mogard i Bismo fredag denne veka.

tirsdag 31.08 2021

– Signegarden er høgst oppegåande

Ola Yttre, ein av eigarane av Ky Eiendom As, tykkjer det er på sin plass å presisere at Signegarden som namn på utleigedelen av den kombinerte nærings- og bustadseigedomen i Bismo ennå eksisterer.

onsdag 25.08 2021

Alf Tore og Jonny arrangerer nytt Saab-treff i Skjåk i helga

Minst 60 bilar er venta når Saab-entusiastane Alf Tore Forberg og Jonny Berger arrangerer treff i Skjåk i helga.

tirsdag 17.08 2021

Signegarden er seld

Kontor- og møtelokala i Signegarden i Bismo er seld.

mandag 16.08 2021

På Mogard har dei døypefont i kafeen

Per Forberg, som i sommar har opna eige museum i Mogard, har mykje å syne fram. I tillegg har han ei klar oppmoding.

fredag 06.08 2021

Tor vurderer å selja sportsbutikken i Bismo

– Eg tek til å dra på åra veit du, ein lyt tenkje på å få nokre gode år som pensjonist.

tirsdag 03.08 2021

Gudbrandsdalstinget ber Miljødirektoratet om å imøtekoma klagen frå Glasopor

– Konsekvensane av Miljødirektoratet sitt vedtak i saka med Glasopor AS kan få svært uheldige verknader for næringslivet i Gudbrandsdalen, seier leiar av Gudbrandsdalstinget Rune Støstad.

onsdag 28.07 2021

Nå vil kommunen fjerne parkeringsforbodet

for få år sidan vart det sett opp tre parkering forbode-skilt langs det som er ein kommunal veg langs Skjåk kjøpesenter og YX. Nå vil kommunen ha dei bort.

tirsdag 27.07 2021

Per har opna unikt privat museum

På turiststaden Mogard i Bismo i Skjåk har verten Per Forberg i ei årrekkje samla på raritetar. Nå har han endeleg fått orden på samlinga si.

Frå Hønefoss til Skjåk for å kontrollere tungtransport

Medan trafikkstasjonen på Otta ei tid er utan kvalifiserte inspektørar, lyt inspektørar frå trafikkstasjonen i Hønefoss dekke eit større område enn vanleg.

mandag 26.07 2021

Reiselivshistorie blir borte i Bismo

– Å, det skal bli så godt, seier vertinna Tove Forberg.

torsdag 22.07 2021

Unge aktivitetsassistentar spreier glede på Skjåkheimen i sommar

– Jentene er i godt humør, spreier mykje liv og glede, og er flinke til å prate med bebuarane.

onsdag 14.07 2021

Kommunen vil forsøke å jage elgku og kalvar onsdag kveld - ber folk vera merksame

– Vi vil gjera eit forsøk på å jage elgkua med kalvane onsdag kveld.

tirsdag 13.07 2021

SJÅ VIDEO:

Nærgåande elgku med kalvar skapar uro i Bismo – kommunen tek grep

Ei elgku med to kalvar har slått seg til i og rundt bustadfelt i Bismo. Fleire bebuarar er uroa. Skjåk kommune er klar over situasjonen, og set i verk tiltak i løpet av veka.

mandag 12.07 2021

Interfil styrkar satsinga på inneklima: Har kjøpt opp luftreinsefirma

Interfil AS i Skjåk har det siste året hatt eit samarbeid med ACA Purifiers AS, som har utvikla eit unikt konsept innan luftreinsarar. Interfil har nå kjøpt alle aksjane i selskapet.

søndag 11.07 2021

Politiet om brot på parkeringsforbod i Bismo: – Vi vil ha kontrollar her framover

Mange parkerer på den kommunale vegstubben som går forbi YX Skjåk og Skjåk kjøpesenter i Bismo, trass i at den er skilta med parkering forbode. Nå varslar politiet kontrollar.

Har systematisert nesten 40 hyllemeter med arkiv: – Dette har både historisk og praktisk verdi

– Bjørn har hatt eit auga for arkivet vårt under ulike omstende. Vi er takksame for den omfattande jobben han nå har lagt bak seg.

lørdag 10.07 2021

Hundrevis kom for å sjå på OKB-museet i Bismo

Museumsdirektøren Helge Skjåk vart heilt sett ut da fleire hundre personar kom på opninga av OKB-museet i Bismo laurdag.

torsdag 08.07 2021

Laurdag opnar Helge OKB-museet i Bismo

Eit tjuetals gamle bussar og lastebilar er klare for å synast fram, når Helge Skjåk opnar OKB-museet i Bismo i helga.

tirsdag 06.07 2021

Nytilsetjingar og nesten dobla sal det siste året: – Vi opplever bra medvind her for tida

Industribedrifta i Bismo går så det susar.

fredag 02.07 2021

Vann anbod - held fram med køyring for NGR

Melby Transport får halde fram med utkøyring av avfall frå og mellom miljøstasjonane i Nord-Gudbrandsdalen. Dagleg leiar Geir Ove Melby er glad for å kunne sikre arbeidsplassane.

torsdag 01.07 2021

Laurdag opnar Skjåkutstillinga

I alt er 21 utstillarar representert når Mathilde Skamsar opnar si Skjåkutstilling nummer 24 i Bøstugu laurdag.

tirsdag 29.06 2021

Sommaropen symjehall i Skjåk

Det blir offentleg bading i symjehallen i Bismo éin dag i veka i heile juli-månaden.

lørdag 19.06 2021

Må utsetja museumsopning

Det unike OKB-museet skulle eigentleg opnast 26. juni.

torsdag 17.06 2021

Ungdomssteget vart sett på prøve i «Kompani Skulen»

Ingen måtte «tre av» eller sendast heim, da ungdomssteget på Skjåk barne- og ungdomsskule nyleg gjennomførte «Kompani Skulen» i Bismo. «Rekruttane» vart sett på prøve.

tirsdag 15.06 2021

Feira NTP og riksveg 15 med is i Bismo

Skjåk kommune inviterte til «is-fest» i Bismo tysdag, for å markere at ny tunnel mellom Skjåk og Stryn, med arm til Geiranger, er med i NTP.

mandag 14.06 2021

Rune serverte gratis mat i skulekantina

Fire dagar dei to siste vekene har Rune Kjeken stått for servering av gratis varmmat i kantina på Skjåk barne- og ungdomsskule.

torsdag 10.06 2021

Nå blir det snart mindre Tesla-kø i Bismo: Åtte nye ladarar snart på plass

Tesla er i full gang med utvidinga av ladestasjonen på Skeimoplassen i Bismo. Åtte nye ladarar er snart på plass.

mandag 07.06 2021

Vellykka fotballturnering i Bismo

Nyleg vart det gjennomført Skjåkturnering, med over 50 glade fotballungar frå Skjåk.

søndag 06.06 2021

Har laga Skulehage i gamleheimstrædet

Nå skal det bli poteter, gulrøter og anna snadder i Gamleheimstrædet i Bismo.

torsdag 03.06 2021

Fotklinikken i Skjåk har flytta til senteret

Etter å ha drivi i same lokale i ti år, har Liv Mona Rusten nå flytta.

tirsdag 01.06 2021

Vatningsrestriksjonar i Bismo

Tysdag denne veka vart det innført vatningsrestriksjonar i Bismo.

søndag 30.05 2021

Husflidslaget arrangerer skjåkmeisterskap i «Gå-strikk»

– Ta med deg strikkepinnar og møt fram utanfor hovudinngangen på Skjåk kjøpesenter den 12. juni.

mandag 17.05 2021

Godt samhald i Bismotunet bufellesskap: Endeleg fekk Emilie, Rune og Gaute synt fram dei «nye» heimane sine

Grunna koronapandemien skulle det ta over eit år før Emilie Lund Brendemo, Rune Kjeken og Gaute Forberg kunne syne ordføraren korleis dei har det i sine nye heimar i Bismotunet bufellesskap i Skjåk.

fredag 14.05 2021

– Vi er glade for at saka nå endeleg er avgjort, og ynskjer ekteparet Dagsgard lykke til med bygginga av ny bustad

Forsikringsselskapet Fremtind er lei seg for at saka til ekteparet i Skjåk tok så lang tid.

onsdag 12.05 2021

Forsikringsselskapet snudde: Nå blir det endeleg nytt hus på ekteparet i Skjåk

Etter ein to og eit halvt år lang kamp mot forsikringsselskapet, kan ekteparet Dagsgard i Skjåk nå endeleg smile, og snart gå i gang med å byggje seg nytt hus.

Feira nasjonaldagen på forskot med eige barnetog i Bismo

Onsdag føremiddag var det barnetog med korpsmusikk i Bismo.

mandag 10.05 2021

Dei har drive turistheim og kro i 35 år og har stadig nye planar

Om dei ikkje er bak disken eller i pølsemakeriet, ordnar dei forefallande ute eller kjem med nye planar. Sissel og Per Ivar Brenna er aldri i ro.

tirsdag 04.05 2021

Nærmar seg éin million kroner i støtte til «ungdomshus»

Med 170.000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, er Skjåk friviljugsentral ennå eit steg nærare ei realisering av eit «ungdomshus».

mandag 03.05 2021

Denne vegen er nå permanent stengt

Auka trafikk i Skamsarvegen gjer at innkøyringa til «Snikkeriet» i Bismo nå blir stengt.

onsdag 14.04 2021

Set opp lager- og ekspedisjonshall til 27,5 millionar: – Vi byggjer for framtida

– Eg har ikkje brukt desse orda før, men nå gjer eg det: Interfil er eit eventyr.

onsdag 07.04 2021

Ho er fungerande kommuneoverlege i Skjåk

Anne Henriette Paulsen er frå denne veka og fram til seinsommaren fungerande kommuneoverlege i Skjåk, medan Sondre Bøye har pappapermisjon.

Denne veka opna «nye» Akantus Blomster på kjøpesenteret

– Eg hadde aldri trudd at eg skulle stå her som eigar av butikken.

fredag 26.03 2021

Interfil-tilsette heidra for lang og tru teneste

Fire av dei tilsette på filterfabrikken Interfil i Skjåk vart denne veka tildelt Det Kongelige Selskap for Norges Vel sin medalje for lang og tru teneste i bedrifta.

torsdag 25.03 2021

Det flaumråka ekteparet fekk avkorta forsikringa: – Dette blir for dumt

Ekteparet Dagsgard i Skjåk, som mista huset sitt under flaumen i 2018, «kjempar» framleis mot forsikringsselskapet.

tirsdag 02.03 2021

:

Banken har vore 40 år i Bismo - Ragnar har vore med frå starten

I 1981 kjøpte det som da var Lom og Skjåk Sparebank eit privathus midt i Bismo, og etablerte avdelingskontor i kommunesenteret i Skjåk. Nyleg vart ei nyrenovert avdeling teke i bruk.

lørdag 06.02 2021

Har trua på vidare drift på Akantus

– Det er ting på gang her, ja, og eg håpar og trur at det skal gå i orden.

mandag 01.02 2021

Bøstugu har merka stor auke i garnsalet i koronatida: – Folk har strikkedilla

Mathilde Skamsar i Bøstugu i Skjåk sel garn som aldri før, og meiner koronatida er årsaka.

søndag 31.01 2021

Idrettslaget får setja opp kiosk

Det blir ny kiosk i Bismo.

mandag 25.01 2021

Snøskred i Skjåk: – Ustabile forhold i høgda

– Lokalt ustabile forhold i høgda, det kan vera lett å løyse ut flakskred, melder varsom.no.

mandag 18.01 2021

Legg ned Akantus Blomster

Andre prioriteringar og tidsnaud er årsaka til at Anne Grete Skjåk og Jon Sigurd Bøhle nå har bestemt seg for å gjeva seg på Skjåk kjøpesenter etter påske. Dei håpar at einkvan vil drive vidare med blomar på senteret.

torsdag 14.01 2021

Desse har søkt stilling i Skjåk

Fire vil bli barnehagelærar i Bismo.

søndag 13.12 2020

Saab-entusiast Jonny Berger: – Artig å ha noko som ingen andre har

Ikkje ein gong Saab-museet i Sverige har eit eksemplar av to av bilane som Jonny Berger har fått tak i.

Elisabeth fann bamsen

Fjuken-bamsen 12. desember vart funnen i Bismo.

lørdag 12.12 2020

Leander fann Fjuken-bamsen i Bøstugu

Laurdag vart Fjuken-bamsen for 10. desember funnen.

torsdag 10.12 2020

Fekk 655.000: – Oi! Så rått, for ei julegåve!

Jo André Sperstad-Fjeld vart jælma overraska da Ingrid Lund frå Gjensidigestiftelsen dukka opp på Friviljugsentralen i Bismo torsdag morgon.

torsdag 03.12 2020

Liv fann Fjuken-bamsen 2. desember

Fjuken-bamsen hadde gøymd seg i Bismo.