Eggelikør til «offeret»:

«Årets egentlig-sak» til Fjuken

Ken Andre Ottesen, vaktsjef i Noregs største avis VG, har det moro med lokalaviser på Instagram. Før jul fekk Fjuken ein «pris».

Eigentleg blid: Edel Kveen vart glad på rett da ho vart overrekt ei flaske eggelikør.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

stillingledig

Ottesen, betre kjent som «badesken» på Instagram, har det moro med, for og av titlar og bildebruk på nettavisene, særleg dei lokale.

I desember delte Ottesen ut 37 anti-SKUP-prisar. Mellom dei heidra var Fjuken som fekk prisen for «Årets egentlig-sak».


Vil auke barnehagekapasiteten i Bismo ved å setja opp modulbygg:

– Eigentleg ei gladsak

Formannskapet i Skjåk kommune vil auke kapasiteten i Bismo barnehage. Å setja opp modulbygg kan bli svaret.

 

Vi tør påstå at prisen var fortent.

Da vi fekk greie på at vi vart den store heideren til del, la vi ut ei melding på sosiale medium at vi ville feire, mellom anna med eggelikør.

Dette vart raskt oppfanga av «offeret» i saka, lokalpolitikaren Edel Kveen frå Skjåk.

– Blir det eggelikør på den glade politikar, repliserte ho.

Det vart det.

Edel Kveen vedgår at ho har, sidan den prisvinnande saka vart publisert i april, fått gjennomgå, særleg av kollegaer i pleie- og omsorgsetaten i Lom, men også av familie.

– Eg trur eg vil dele denne med mor, seier den sporty politikaren, under ei lettare høgtideleg overrekking av ei halv flaske eggelikør.

stillingledig