MEINING:

Redninga kjem ikkje luftvegen

– Eg vil heller ha ein nettverkskabel i handa enn ti fly i lufta, meiner Marit Sletten (Lom Sp)
stillingledig

Unge høgre  i Lillehammer og omegn (deriblant Nord-Gudbrandsdalen – bakgården til Lillehammer?) og styret i Gudbrandsdal Lufthamn AS er ute med vill iver for ein flyplass i Nord-Gudbrandsdalen. Det blir nærast framlagt som at ein flyplass vil kunne snu alt av negative utviklingstrekk i dalføret og at AVINOR står klare til å stikke spaden i jorda berre vi politikarar seier «ver så god».

Da kan ein gjera seg nokre refleksjon: om ein flyplass er redninga, korleis har det seg at valdrisane slit med å halde liv i Leirin sjølv som charterflyplass? Vi pratar her om ein region med fleire hytter enn innbyggjarar og ein skulle slik tru at det var mange som var på farten – både inn og ut av regionen ofte.  Kanskje ligg Leirin for nære Oslo til at mange nok nyttar den, men med ein firefelts E6 frå Lillehammer og sørover, og ei dobbeltspora jernbane frå Hamar – kan ein lure på kven som kjem til å sjå fly som ei rask og effektiv løysing ved reise til og frå Nord-Gudbrandsdalen.