Folk, bygg og utstyr i «Ressursbank Innlandet»

Dersom einkvan har for mykje og einkvan har for lite – skal det meldast dit.

Ressursbanken, som blir koordinert av Fylkesmannen, skal hjelpe Innlandssamfunnet gjennom korona-pandemien. Ressursane handlar ikkje berre om utstyr, det handlar òg om å få ei oversikt over menneskelege ressursar.

Sjukepleiarar, medisinsk utstyr og store lokal som kan gjerast om til sjukestover - det er blant ressursane som nå fortløpande blir meldt inn i «Ressursbank Innlandet». Innlandet fylkeskommune er blant fleire store aktørar som har gjort ei kartlegging blant sine tilsette, slik at det skal vera mogleg å omdisponere desse dersom det blir kritisk mangel på personell andre stader i samfunnet.

Fylkeskommunen har blant sine tilsette mange med sjukepleiarbakgrunn og andre helsearbeidarar. Det finst òg IKT-personell, barn-, ungdomsarbeidarar og sjåførar som, dersom det blir ei krise, kan omdisponerast.

Røde Kors har meldt inn i Ressursbanken at dei kan stille til disposisjon både køyretøy og utstyr som dei rår over.

Fylkesmannen er sett til å samordne beredskapen i Innlandet, og «Ressursbank Innlandet» er eit verkemiddel i dette arbeidet.

Fylkesmannen melder at det nå er tre koordinerande møte i veka, der det kontinuerleg blir meldt inn tilgjengelege ressursar og behov.