Politiet i Skjåk flytta for ei tid sidan til nye lokal i Signegarden, og skiltet merka med politiets logo og «lensmannskontor» vart teke ned utanfor det gamle kontoret.

Innspelinga av serien Trio, som har gått over to sesongar på Nrk, gjorde sitt til at skiltet kom opp att. Politiet i serien hadde nemleg «kontor» i bygget, og skiltet kom opp att i samband med innspelinga.

Det tidlegare lensmannskontoret huser i dag lokallaget av LHL. Dei hadde fått politiskiltet.

- Vi fekk skiltet for å ta ut politilogoen og erstatte han med LHLs logo, fortel Øystein Tofte i LHL Skjåk.

Tofte kan fortelja at skiltet nå er skrudd ned og rett og slett er borte - stole. Dette skal ha skjedd i løpet av dei siste dagane.

- Vi ber om at den eller dei som har teke skiltet leverer det attende, set det utanfor døra, seier Tofte. Viss ikkje må vi melde saka til politiet, seier han.

Tofte har høyrt med eigar av bygget, og andre som kunne hatt kjennskap til skiltet, men ingen veit kvar det er.