Sjølv om plassen på kongelaget glapp for Tor Gaute Jøingsli frå Lom og Skjåk skyttarlag under kvalifiseringa onsdag, vart det likevel ei bra plassering på skjåkværen etter finaleskytinga på Lesja torsdag.

Jøingsli hamna på ein sjetteplass samanlagt under Landsskyttarstemnet, og vart altså blant topp ti.

Skyttaren frå Lom og Skjåk skyttarlag var lenge med i toppkampen etter å ha skote 345 i banefinalen for klasse 3-5. Jøingsli og seks andre såg ut til å bli med i omskytinga, før det vart skote 347 poeng av Ole Kristian Bryhn som tredje skyttar på kongelaget.

– Dette gjekk betre enn forventa. Sjetteplass er ikkje fullgale det, sa Tor Gaute Jøingsli til lokalavisa Vigga etter premieutdelinga.

Tor Gaute var blid, og relativt nøgd med stemnet.

– Gjennomføringa var god nok til finalen, men det var litt utfordringar med vind i dag. Det var morosamt å kunne vere med. Eg hadde trass alt same poengsum som dei på kongelaget, seier Jøingsli.

Skjåkværen gjev seg ikkje så lett, og fortel at han satsar på kongelaget att til neste år.