Den nye kontrakten til Stryvo Bismo er ei prosesspakke med sjøvassfilter til olje- og gassindustrien, melder Stryvo Group i ei pressemelding.

Stryvo Bismo er eit selskap i Stryvo Group i Stryn, og den nye kontrakta som Stryvo Bismo har vunne betyr såleis svært mykje for heile konsernet. Stryvo Group er ein totalaktør innan prosjektering, engineering, produksjon, samanstilling og testing retta mot offshore, maritim og landbasert industri. Stryvo leverer alt i frå halvfabrikata og enkle konstruksjonar, til store og samanstilla komplette anlegg.

– Den nye kontrakten er med på å stadfeste Stryvo Bismo sin posisjon som ein leiande aktør innan offshore prosessindustri, seier dagleg leiar Per Kåre Holmøy. Han er svært nøgd med situasjonen, og understrekar at 2016 skal bli eit år der Stryvo Bismo og Stryvo Group vil utvide horisonten utruleg mykje.

Dei to største prosjekta i 2016 er eit kjøle- og lenseanlegg til vasskraftsektoren, og den nye kontrakten, som i fylgje Holmøy vil resultere i ei dobling av omsetnaden.

Les meir i papiravisa torsdag.