Vinteren nærmar seg slutten. Natt til sundag startar sommartida, og vi skal stille klokka att.

Klokka skal stillast ein time fram frå klokka 02.00 til klokka 03.00 natt til sundag. Det blir altså ein time stuttare påskeferie.

Hugseregelen for stilling av klokka er at ein heile tida skal stille ho mot sommaren. Altså stiller vi klokka ein time fram om våren sidan vi da ser fram mot sommaren, og ein time attende om hausten da vi ser attende på sommaren.

Neste gong vi skal stille klokka er sundag 30. oktober. Da er det vintertid att.