Geir Ådne Falling (20) frå Skjåk er ein av millionar som har fått dilla på Pokemon Go som vart lansert i byrjinga av juli (16. juli i Noreg).
Geir Ådne har oppretta ei eiga Facebook-gruppe som nå har nå over 30 medlemar. Likevel er han sikker på at om lag hundre personar berre i Skjåk er ivrige Pokemon-jegarar.
Fjuken var med på ei runde i Skjåk for å finne desse.
– Vi er ofte ute ein kameratgjeng, og køyrer rundt for å finne Pokemon, men ein kan ikkje berre køyre. Det er lagt opp slik at ein frå bil har for stor fart for å fange figurane, ein kan ikkje over 17 kilometer i timen, seier Geir Ådne.
Faktisk kan det vera eit lite trimaspekt i det heile.
– Eg trur at det er fleire som kjem seg ut gjennom dette. Det er betre å drive med Pokemon Go enn å sitja inne framfor ein dataskjerm, meiner Geir Ådne. Dessutan er det sosialt.
Spelet fungerer slik: Det er om å gjera å samle så mange Pokémon som råd. Til å byrje med er Pokemonane svake og heller ikkje sjeldne. Når du har fått samla nok går du opp i «level» og Pokemonane blir sjeldnare og sterkare. Spelet blir utvikla heile tida.
Opphavet ligg 20 år attende i tid, til «videospel» og spelekort.
Her blir eit Pokemon-egg klekt: