– Det er litt skummelt dette her, og blir svært rart, seier Jorun Svingen.

I 50 år har dama frå Trøndelag jobba i DNT-systemet og teke i mot fjellfolk på hytter rundt om i landet. I vinterferien tok ho fatt på sin 14. sesong som styrar og vert på Sota Sæter i Skjåk. Det blir også hennar siste.

– Eg bestemde meg for at når eg nådde pensjonsalderen, så skulle eg gjeva stafettpinnen vidare, seier Jorun Svingen, som fyller 67 år i sommar.

Men sjølv om ho, når ho låser døra 2. påskedag, legg bak seg si aller siste påske som vert på DNT-hytta ved innfallsporten til Breheimen nasjonalpark, kjem ho att i midten av juni for å drive turisthytta ut sommarsesongen.

– 20. september blir min siste offisielle arbeidsdag, og det blir vemodig, slår den blide dama fast.

Jorun fortel at ho har hatt 14 fine år, både sommar og vinter, på Sota Sæter. Ho legg ikkje skjul på at det er mykje ho kjem til å sakne når ho pakkar med seg alt pikkpakket sitt og reiser til Trøndelag att i haust.

– Det blir rart å reise heim å vite at ein ikkje skal opne ein ny sesong. Eg kjem til å sakne alle dei trivelege gjestane, hyttefolket på Liavatnet, DNT-systemet, og heile området på og rundt Sota, seier verten.

Ho føler seg svært priviligert som har fått lov til å jobbe snart 14 år på ein plass som Sota, og at ho har fått vore med i DNT-systemet i 50 av åra sine.

– Eg kjem nok til å ha litt hugsott etter eg har gjeve meg, smiler Jorun Svingen.

Styraren er spent på kven som tek over stafettpinnen etter ho. Rett etter påske leverer Jorun den formelle oppseiinga si, og da reknar ho med at DNT ganske snart vil lyse ut stillinga hennar.

– Det er ein del som har fått med seg at eg driv på min siste sesong nå, og det har faktisk vore mange personar, både lokale og andre, innom Sota Sæter for å sjå seg kring. Fleire har vist interesse for staden, og gjeve uttrykk for at dei kunne tenkje seg å drive staden, seier ho.

– Dette er ein praktfull plass, éin av dei flottaste DNT har. Det veit eg, for eg har besøkt dei fleste DNT-hyttene opp gjennom. Her er det meste på stell, så slik sett skulle det greitt å ta over Sota, meiner Jorun Svingen.

Sjølv om ho er ferdig som styrar og vert i haust, vil ho garantert kome attende til Sota Sæter.

– Det er hundre prosent sikkert! Da skal eg kose meg på tur som turist, slår ho fast.

I påska har Sota Sæter hatt ein liten auke i besøkstalet, samanlikna med fjoråret.

– Vi hadde ein forholdsvis roleg start på påska, men nå på heilagdagane er det faktisk fullt, seier Jorun Svingen. Påskeeftan hadde ho 65 personar til middag.

I fylgje styraren er hovudparten, om lag 90 prosent, av påskegjestane på Sota Sæter faste gjestar som kjem for å gå på ski. Mange av desse er barnefamiliar.

I vintersesongen er det rundt 60 sengeplassar på Sota Sæter. Om sommaren er det bortimot 80 plassar.

Mange barnefamiliar ferierer på Sota Sæter i påska. Foto: Tom Erik Solstad
– Det blir rart å reise heim med alt pikkpakket sitt i haust å vite at ein ikkje skal opne ein ny sesong, seier Jorun Svingen. Foto: Tom Erik Solstad