– Ein kan kanskje kalle det eit «evigheitsarbeid» dette her, men nå er i alle fall alle tak på Gardsøy i orden og grunnmurane står støtt. Vi får ta ein ting om gongen. Nå er det låven som skal ha fokus, seier Edel Aas.

Simen Bjørgen, direktør i Norsk kulturminnefond, er imponert over det som er gjort på Gardsøy dei siste åra. Norsk kulturminnefond har gjeve i alt 550.000 kroner til restaureringsarbeidet. – Dei nye eigarane har teke skikkeleg tak. Dei er engasjerte, og dei har gjennomføringsevne. Er det noko som er viktig for Norsk kulturminnefond, så er det resultat. Det ser vi her. Norsk kulturminnefond er jælma nøgde med det som er gjort så langt, seier han. Ekteparet Edel Aas og Terje Marstein har inneverande år lagt opp til restaureringskostnader for vel 1,6 millionar kroner. Det flyg fort ut store pengesummer når gamle bygg skal restaurerast og setjast i stand. Når det gjeld den gamle låven, skal denne gjenreisast på ny mur og med mest mogleg gjenbruk av gamle bygningsdelar. Panelet frå fyrste etasje var rotna og gjekk tapt, men resten av materialet skal brukast. Låven skal opp att akkurat slik han ein gong var. Edel Aas fortel at dei ikkje har planar om å drive med gardshotell på Gardsøy, men når låven er ferdig, har dei planar for kva han kan brukast til.– Vi planlegg verkstad i kjellaren. Elles ser vi føre oss ulike enkeltarrangement, som til dømes kurs, bryllaupsfeiring og slike ting. Vi får sjå. Vi ser det som viktig at låven blir brukt.Les meir og sjå fleire bilete frå Gardsøy i papiravisa.