Dette spørsmålet stilte utvalsleiar Harald Sve Bjørndal da hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg fekk ei orientering om stoda for svømmehallen i Vågå kulturhus.
Bassenget er i dag stengt, og elevane får svømmeundervisning i bassenget på Vågå Hotel.
Ein rapport frå Sintef slår fast at svømmehallen og bassenget må sanerast.
- Skal vi byggje nytt eller sjå på andre alternativ? spurde Bjørndal.
Det er sett av 250.000 kroner i budsjettet for vurdering av tilstanden til bassenget.
Administrasjonen fekk i oppdrag å koma attende med ei sak om ein skal sjå å sjå på kva ei rehabilitering av svømmehallen vil koste i kroner og øre.