Bersu, som er trommis i Highasakite, har vunne spelemannprisar med gruppa før, og vann prisen i kategorien Årets popgruppe laurdag.

– Hei, mamma! sa Trond Bersu da gruppa takka for prisen.

Gruppa var også nominert i klassa for Årets video.

Skjåkordførar Elias Sperstad utnemnte spontant Trond Bersu til Skjåkambassadør på Fjuken si Facebook-side, og vil markere dette neste gong Trond er i heimbygda.