Laurdag morgon var det vaktskifte i Vågå Røde Kors Hjelpekorps. Da gjekk Kari Alvim, Hildegunn og Magne Steinehaugen på vakt.
Da Fjuken var innom vakthytta på Maurvangen sat trioen i solveggen.
Men det er nok å gjere sjølv om det er roleg på vakta. Utstyret skal sjekkast, naudsambandet skal vere topplada og snøskuterane skal fyllast opp med drivstoff. Alt skal vere klart om alarmen går.
- Vi brukar tida til å drikke kaffe , yatsy og eit slag kortspel, seier Hildegunn Steinehaugen.
Ho og mannen Magne har sett seg opp på vakt i to døgn. Totalt tek cirka 30 personar sitt vaktdøgn for å ha beredskapen på topp i påska.
Kari Alvim skal ta sin påsketur etter påske. Da ventar ei vekes skitur i Jotunheimen. Ho håpar at finveret som har vore i påska vil fortsetje. Ho brukar ventetida i solveggen med å lese ei bok om Jotunheimen.
I tillegg til naudsambandet, følgjer Magne med på telefonen av viktig fotballkamp i England.
- Eg og Kari håpar at Liverpool vinn, elles blir det ikkje noko triveleg på hytta i kveld, seier Hildegunn med glimt i augo.
Trioen som skal ha vakt i hjelpekorpshytta på Maurvangen det neste døgnet, har til saman mange års erfaring.
Kari har vore med i hjelpekorpset i fire år, Magne i 11 år og Hildegunn i 15 år.
- Kvifor ofrar døkk påska for å ligge på vakt her eitt døgn eller to?
- Vi har vore med på fleire aksjonar tidlegare og veit at folk er glade for at vi stiller opp når nokon treng hjelp, seier Hildegunn.
Kari Alvim rosar det gode mijøet i korpset. Ho fortel at ho også er turleiar i turistforeningen, og har hatt behov for å be om hjelp når nokon i turfølgjet har skada seg.
- Det er alfa og omega å få hjelp av fjellredningstenesten, seier ho.