Nyleg vart det kjent at han har selt sportsbutikken han driv i Lom. Kva nå, tenkjer mange.

Vi tek nokre steg attende, og ser korleis løpebana hans har vore.

– Eg byrja hjå Einar Engum på Elkjøp i Vågå fyrst på 1990-talet. Det var ei fin tid, - ei fantastisk tid. Det går nesten ikkje ein dag utan at eg tenkjer på alt eg lærte dei sju åra eg arbeidde i Vågå. Einar Engum var ein utruleg læremeister.

Elektronikkbutikken låg i Vågå, men Råffe vart godt kjent i heile Ottadalen.

– Eg hadde ansvar for radio- og tv-avdelinga og drog rundt og monterte og kopla opp tv-ar og antenner. Det var som sagt ei fin tid. Eg hugsar da TV2 kom. Da vart vi sveitte. Alle skulle ha nye antenner eller parabol. Tenk kor lett vi når alle type media i dag, og den tida eg pratar om er eigentleg ikkje lenge sidan.

Da daglegvarebutikken på Skjåk kjøpesenter var til sals mot slutten av 90-talet, slo Sandviken til. Han kjøpte butikken av Liv Brandsarbakken og Per Haugtrædet.

– Det òg var lærerike år. Vi utvida butikken mykje, gjorde om ein del og fekk god omsetnad.

Råffe seier sjølv at han gjekk frå elektronikk til daglegvare fordi han likar å prøve nye ting, og som han seier:

– Eg likar å stå på ustø grunn.

Den tida var det slett ikkje sundagsope, og det var ikkje berre berre å utvide opningstida frå klokka 14 til 15 laurdagar.

– Ein kan skratte av slikt i dag.

I Lom har han vore med på å kjempe fram sundagsopne butikkar, og sidan Lom er definert som ein typisk turiststad frå påskeleite og ut sommarhalvåret, skal Sport1 for fyrste gong halde ope både skjertorsdag og langfredag i år.

I tida på ICA i Bismo kjøpte Sandviken opp fleire konkursbu rundt omkring, han likar å handle og at det skjer ting, som han seier.

– Det har støtt vore mykje arbeid, men det er ingen som har dauda av ærleg arbeid.

Han karakteriserer tida i Bismo som artig, men hadde ikkje noko mål om å vera der meir enn dei fem-seks åra det eventyret vara.

Attende i Lom hadde han eit mellomspel på ein sportsbutikk, og var med datidas vertskap, Magny Hilde og Bjørn Bjørgen, på Leirvassbu. På fjellhytta i Jotunheimen vart den fyrste «Fritt vilt»-filmen spelt inn.

– Eg var med Magny og Bjørn som framveksting da dei dreiv Rondvassbu. Det var såleis eg hamna på Leirvassbu, fortel han.

I 2006 «fann» han Gjeisarhaugen.

– Eg såg ei grusslette med brask og lastebilar og tenkte at her er det potensiale til å utvikle og utvide sentrum. Eg må streka under utvide, for eg har aldri hatt noko mål om å flytte sentrum. Eg likar å tenkje utvikling i staden for avvikling.

Han seier han ynskte å etablere ein triveleg stoppestad - og ein butikk.

Det er nå Råffe tek til å bli engasjert.

– Lom som destinasjon har store moglegheiter, men når eg tenkjer attende på tida rundt tiårsskiftet - da blir eg rett og slett litt forbanna.

Sandviken tenkjer på debatten kring etableringa av handelshuset nedanfor butikken hans på Gjeisarhaugen.

– Det at politikarar prøvde å motarbeide dette, det er rett og slett stussleg å tenkje på. Næringslivet må få rom til å utvikle seg sjølv utan å skulle bli stoppa av politikarar. Sjå på arbeidsplassane som er i området, sjå på omsetnaden! Det var faktisk ei stund eg angra på at eg etablerte meg i Lom medan dette stod på. Politikarane skal leggje til rette, dei skal ikkje motarbeide. Ta planane til Per Tore Berg som eitt anna eksempel. Om han berre får til halvparten av det han har sett seg som mål, må det berre vera svært for Lom. Det må til utvikling, det må til arbeidsplassar! Kva skal vi rå ungane våre til? Vi kan ikkje verne oss i hel, men leggje til rette for at det i framtida skal bu folk her.

Det hender seg han pustar ut, og tek ein tur til fjells.

– Det likaste eg gjer er å ta med familien oppå Leirtjønn på fisking. Det er rekreasjon. Dessutan hadde eg ikkje fått gjort alt eg hadde gjort om det ikkje var for familien, for Anita og ungane. Og, eg har hatt ein utruleg god støttespelar i Jostein Hole.

Råffe er engasjert og ein god kremmar, og har stadig nye idear og draumar.

Nå har han selt butikken, men understrekar at drifta blir som før og at han ikkje har konkrete planar om noko anna.

– Eg held fram som dagleg leiar på butikken, det er heilt sikkert, seier han.

Kjenner vi han rett, vil han også få nye mål og draumar.

Rolf Vegard Sandviken er svært engasjert i det han driv med. Foto: Hans Erik Kjosbakken