Turistvert Knut Vole på Glitterheim turisthytte melder om spesielt mykje snø i fjellet i år.

Vegen er brøyta heilt fram til turisthytta i Veodalen.

– Det er fantastisk fine forhold å gå på ski enda, så vi satsar på utleige av Randoné-utstyr nå i juni, i samarbeid med Sport 1 i Lom. Vi tilbyr våre gjester fullt utstyr for å få ein fantastisk tur på Glittertind, fortel Knut Vole.

Ein går da vinterløypa opp og ned. Sommarruta er stort sett avblåst heile vinteren, så det går også an å gå på Glittertind på føtene.

– Kanskje med ein romperacer på tur ned. Norges lengste akebakke? spør turistverten ved foten av Glittertind.