– Eg gler meg til å starte. Det er berre å tipse meg om saker allereie nå! seier Julie Garmo.

I sommar skal ho vera fjuking og dekkje ting som røyver seg i Ottadalen. Ho hadde også sommarjobb i Fjuken i fjor - som ho meistra med glans.

Julie tek til som Fjuken-journalist allereie i slutten av denne veka, og vil vera med oss til og med fyrste veka i august.

Sidan 2021 har Julie Garmo studert journalistikk på Høgskulen i Volda, og i haust tek ho til på det siste studieåret. Julie meiner det å få praksis i ei lokalavis, er ei god erfaring å ta med seg vidare.

– Eg treivst utruleg godt da eg hadde sommarjobb i Fjuken i fjor. Da eg fekk tilbod om å arbeide her att i sommar, var eg ikkje i tvil. Det å kunne praktisere journalistikk i ei lokalavis er gull verd, og ei rik erfaring å ta med seg. Dessutan er det kjempespennande. Når ein arbeider i ei lokalavis som Fjuken, får ein prøvd seg på alle felt. Det er god læring. Her får eg vera min eigen vaktsjef i sommar medan andre i redaksjonen har ferie, og det tykkjer eg er utruleg spennande. Som i fjor trur eg det blir ein intens sommar - som kjem til å gå utruleg fort, seier Julie.

Sommarens fyrste Fjuken-oppdrag for Julie blir å dekkje Countryfestivalen i Skjåk fyrstkomande helg.