NGR melder tysdag morgon at dei på grunn av kulda har innstilt tysdagens henteruter i kommunane Lom og Skjåk.

– Det vil ikkje bli køyrd ekstra ruter. Vi syner til hentekalenderen for neste hentedag, seier dagleg leiar i NGR, Pål Sverre Andgard.

Han opplyser at det er sannsynleg at renovasjonsselskapet må innstille også onsdagens henteruter.

– Kva er årsaka til at rutene blir innstilt?

– Det er teknikken som sviktar lenge før våre tilsette må gjeva seg. Ein komprimatorbil er også ei datamaskin som er følsam for fukt og temperatursvingningar. Så er det sjølvsagt krevjande for våre tilsette også, seier Andgard til Fjuken.

Han fortel at miljøstasjonane førebels held ope som vanleg.