Dagen, som er friviljug å delta på, er for alle som tilhøyrer Heimevernet og som har fått tillating frå sin sivile arbeidsplass/studiestad til å bera uniformen på jobb eller universitet/skule.

Den sikkerhetspolitiske situasjonen i verda har gjort det viktigare enn nokon gong å ha eit sterkt og synleg heimevern. Heimevernet ynskjer å vera synleg i lokalsamfunnet. Ein vil vise fram at det er 40.000 soldatar spreidd over heile landet og at dei tilhøyrer alle samfunnslag og alle yrkesgrupper.

– På stutt varsel stiller Heimevernet opp når Forsvaret og det sivile samfunnet treng det. Menneska er vår viktigaste ressurs, derfor vil eg at soldatane skal bera uniformen med stoltheit, og håpar Uniform på jobben-dagen vil vise befolkinga at Heimevernet er ein del av den nasjonale beredskapen, seier generalmajor Elisabeth Michelsen, sjef HV.

(Pressemelding)