Politioverbetjent Roger Haugen fortel at det natt til onsdag har vorte stole over 20 dekk frå forhandlar i Garmo.

– Det er prat om store verdiar, og vi er svært interessert i tips - om einkvan har observert nokoi løpet av sist natt. Vi har til nå få spor å gå etter, seier Haugen.

For å få med seg over 20 dekk må tjuvane ha brukt noko anna enn ein vanleg personbil.

Frå Kveomsgrenda i Vågå vart det same natt stole ein skiboks som var montert på bilen. Frå same bil vart det stole ei veske, som seinare er attfunnen. Om det er ein samangeng mellom tjuveriet i Garmo og Vågå, veit ikkje politiet noko om.

– Det er nyleg stole ein skiboks i Skjåk, og det har vorte borte ting frå gardsplassar i bygda, fortel Haugen, som ber publikum vera på vakt og melde frå om dei observerer noko mistenkeleg.