Operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt melder at naudetatane har rykka ut til fylkesveg 55 i Bøverdalen etter at det har byrja å brenne i ein lastebil rett før klokka 21 måndag kveld.

– Det starta med røyk frå dashbord. Lastebilen står nå i brann, opplyser politiet i Innlandet.

I fylgje politiet har ikkje lastebilen last, og det er ikkje fare for spreiing.

Klokka 21:45 melder politiet at det er full fyr i lastebilen, og at vegen vil bli stengt medan sløkking pågår. Naudetatane er på plass.

Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen melder at fv55 er stengt ved Liasanden rasteplass.

I fylgje politiet skal det ikkje vera personskade.