Det var klokka 12.35 måndag at politiet fekk melding om ei trafikkulykke på riksveg 15 ved Skjåk kyrkje.

Politiet melder at ein bil skal vera påkøyrd bakfrå.

I fylgje politiet skal det ikkje vera prat om alvorlege personskader.

Naudetatane rykka ut til ulykkesstaden.

Klokka 13.45 får Fjuken opplyst frå operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt at vegen er rydda.

– Éin person er frakta til legevakt for helsesjekk. Politiet har oppretta sak, og har teke beslag i førarkortet til føraren av bilen som køyrde inn i bilen framfor, seier operasjonsleiar Therese Bilterud.

Føraren som vart fråteke førarkortet er i fylgje politiet heimehøyrande i vårt distrikt, og er ein eldre mann. Den andre føraren er ikkje heimehøyrande i distriktet.