Politiet gjennomførte ein fartskontroll i 60-sona på Rv15 ved Klones i Vågå fredag kveld.

Den to timar lange kontrollen resulterte i tre forenkla førelegg. I tillegg fekk éin person førarkortet sitt beslaglagt etter å ha vorte målt til 93 km/t i 60-sonen. Grensa for førarkortbeslag der fartsgrensa er 60 km/t, går ved 86 km/t.

Føraren vart anmeldt, og det blir oppretta sak. I tillegg til førarkortbeslaget, må føraren førebu seg på å måtte betale ein del kronar til statskassa.

Sjåføren som mista førarkortet i Vågå fredag kveld, er i fylgje operasjonsleiar Per Solberg i Gudbrandsdal politidistrikt, ikkje heimehøyrande i vårt distrikt.