Etter eit langt og omfattande ordskifte i kommunestyret i Lom torsdag kveld, vedtok politikarane budsjettet for 2016.

Sentralt i debatten var forslaget frå Bygdalista om å kutte 20 prosent av godtgjersla til politikarane som eit bidrag til den økonomiske situasjonen i kommunen. Dette ville blant anna bety at ordførar ville bli redusert til 80 prosent stilling.

– Det ville vore eit signal ut i bygda om vi tok ein skjerv sjølve. Da ville vi gått julehelga enda betre i møte, sa Jarmund Øyen frå Bygdalista.

Dette ville ikkje Senterpartiet eller Arbeidarpartiet vere med på. Det enda med eit kompromiss etter forslag frå Rolv Enersvold (SP) om å halvere møtegodtgjersla til kommunestyret.

Kuttet i godtgjersla til politikarane vil utgjere cirka 70.000 kroner. Omtrent same summen som julelunsjen til politikarane og dei tilsette, som i år ikkje blir servert.

Kommunestyret samla seg til slutt om formannskapet sitt framlegg til budsjett.

Les meir frå debatten i kommunestyret i avisa tysdag 22. desember.