Natt til laurdag gjekk det eit nytt ras på fylkesveg 55 ved Røisheim i Bøverdalen. Sandvoll køyrde rett inn i raset klokka 06.30 laurdag morgon.

– Eg skulle køyre heim att ein passasjer. Eg såg ikkje steinane som låg i vegen tidsnok, og køyrde derfor rett inn i det. Det small fælt, bilen bråstoppa og passasjeren bråvåkna, ler Rolf Arne. Han fortel at ein av steinane sette seg heilt fast under bilen. Han kom derfor ingen veg.

– Seinare i dag skal vi undersøkje bilen ordentleg. Det heng lause plater under der.

– Var det store steinar som låg i vegen da du kom?

– Somme av dei var store som baksetet på ein bil. I tillegg såg eg ein ganske liten stein som låg i vegbana eit stykke forbi dette nye raset. Det tykkjer eg er skummelt. Kan det kome fleire ras og på andre plassar? Eg må vedgå at eg tykkjer det er ekkelt å køyre der, seier Sandvoll.

Vegen er nå rydda og open for fri ferdsel.

– Det er skummelt å køyre forbi akkurat dette området, tykkjer Rolf Arne Sandvoll i Lom Taxi. Foto: Vigdis Kroken/Arkiv