I perioden laurdag kveld til tysdag kveld har tjuvar vore på ferde i eit bustadhus i Bråtå i Skjåk. Eigarane av huset var i helga bortreist, og innbrotet vart oppdaga tysdag kveld.

– Einkvan har brote seg inn og stole mellom anna sølvtøy, kontantar og lett omsetjelege ting, fortel politibetjent Roger Haugen ved lensmannskontoret i Skjåk. Vi er interessert i å høyre om nokon har lagt merke til noko utanom det vanlege eller vorte oppsøkt av folk dei ikkje kjenner, seier han.

Politiet er elles i full gang med å sikre spor og etterforske saka.