Fleire stader i Ottadalen er det oppkøyrte løyper.

I Skjåk er det oppkøyrte løyper både ved Pollfoss/Åsen/Botn, ved Billingen/Nysetra, og lenger vest og høgt ved Heillstuguvatnet.

I Lom er det oppkøyrde løyper i Åslia, og det skal vera gode forhold ved Lemonsjøen i Vågå.

Sjølv om det er meldt vind eit par dagar, kan det vera greit å gå av seg litt julemat, og få frisk luft.

Etter nokre vindfulle dagar framover, er det meldt at kulda kjem attende den fyrste veka av 2016.