Else «Sprossa» Rønnevig er på noregsturné med Fortidsminneforeininga. Med eigen bil og hengar køyrer den 75 år gamle kulturvernarbeidaren frå Sørlandet Noreg rundt frå Lillesand i sør til Vardø i nord.

Med seg i hengaren til dei over 40 foredraga ho held i perioden 10. april til 19. juni, har «Sprossa» gode råd for gamle hus. At nordmenn brukar milliardar av kroner på oppussing, medan gamle hus og bygningar står til forfall, er eit viktig bodskap for den engasjerte 75-åringen.

Else Rønnevig fekk tilnamnet «Sprossa» i 1978 da ho kjempa mot at sprossevindauger vart bytta ut med nye, blanke i gamle hus. Sidan 1985 har ho drive sitt eige firma med rådgiving innan kulturvern og bygningsmiljø. «Sprossa» har også forfatta 10 bøker, drege i gang nyproduksjon av historiske tapetar, arrangert handverkskurs, og elles bidrege på ulike vis til at ei rekkje bygningar har fått nytt liv. I 2012 fekk ho Kongens fortenestemedalje for sitt arbeid innan bygningsvern.

Tysdag kveld stoppar Else «Sprossa» Rønnevig i Vågå. Arrangementet går føre seg på ærverdige Sandbu. I samband med Rønnevig sitt foredrag vil det bli halde ei omvising på garden. Foredraget har tittelen «Gamle hus – jobb MED, ikke MOT dem». På Sandbu vil det bli høve til å prate med «Sprossa», og det vil bli seld fleire bøker om kulturminnevern.

Vågå er ikkje einaste stoppestaden i Oppland for Else «Sprossa» Rønnevig. Onsdag besøker 75-åringen Lillehammer, fredag Fagernes og laurdag Hjerleid.

Det er Sparebankstiftelsen DNB og Bergenstiftelsen som sponsar foredragsturneen «Sprossa» har lagt opp til i samarbeid med Fortidsminneforeininga.