Dei har tidlegare vore på toppen av det høgaste fjellet i Sør-Amerika, Aconcagua, som ligg 6962 meter over havet. Nå er det Ama Dablam i Nepal som er målet.
– Ama Dablam ligg 6812 meter over havet, men er nok ei større utfordring likevel. Det blir ein del klatring og rappellering denne gongen. Det var det ikkje da vi var på Aconcagua, fortel Mai Bakken. Ho gler seg til å leggje ut på ei ny, spennande ferd saman med Bjørg. Dei to blir borte ein månad.
Bjørg Lund og Mai Bakken skal ikkje prøve seg på Ama Dablam heilt åleine.
– Vi skal gå saman med tre-fire av dei som var med til topps på Aconcagua, pluss eit par til. Eg gler meg jælma, men eg kvir meg litt òg, særleg til klatringa. Samstundes er eg glad i spenning og utfordringar, så eg gler meg mykje meir enn eg kvir meg, forsikrar Mai.