Det er Bismo Vekst AS, som eig Signegarden i Bismo, som jobbar med planane om å få til ein møteplass for dei næringsdrivande i bygda i dei tome lokala etter lensmannskontoret.

Bismo Vekst AS ser på Skjåk kommune som ein potensiell leigetakar og har vore i dialog med næringskontoret, som har bede om eit kostnadsoverslag og ein enkel søknad der det blir fortald litt om planane.

Arealet er om lag 60 kvadratmeter stort og består av det tidlegare lensmannskontoret og eit tilstøtande kontor. Planen er mellom anna å få til arbeidsstasjonar med plass til seks personar, møtebord med plass til 16 personar, konferanseutstyr, sofagruppe og bord, tv og trådlaust nett.

Tanken er at dette skal vera eit lågterskeltilbod og ein gratis og uformell møteplass for alle næringsdrivande i kommunen, der dei næringsdrivande kan koma og gå når dei ynskjer, utan å booke på førehand.

– Ved å ha eit lågterskeltilbod som dette vil det bli enklare for næringsdrivande å kunne treffast, seier Jan Erik Byre i Bismo Vekst AS.

Tilbodet kan gjerne også nyttast for tilreisande og hyttefolk som har lyst på ein kontorplass med tilgang til fiber, kopiering, møterom og konferanseutstyr.

– Dette vil vera positivt for reiselivet både med tanke på hyttefolk og turistar, der dei får ein plass å vera og difor kan opphalde seg over lengre periodar, seier Byre.

Bismo Vekst understrekar i presentasjonen som er sendt til næringskontoret at ordninga ikkje skal koste meir enn ei månadleg leige for Skjåk kommune, med mindre kommunen ynskjer ei anna løysing enn den som er skissert.

– Tilgang på møteplassar og nettverk er viktig for at næringsdrivande, uansett omsetnad og tal på tilsette, skal lukkast. Difor har vi trua på at kommunen får att for leigekostnadane mange gongar, i form av auka skatteinntekter. Kanskje kan dette lågterkseltilbodet også gjera det enklare å ta det endelege steget og skape nye arbeidsplassar for oppstartsbedriftar, seier Jan Erik Byre.