Eitt av Nordplan sine dotterselskap, Enøk-senteret AS, etablerer seg med avdeling på Næringshagen på ysteriet frå 1. januar 2018. Tom Stadeløkken er tilsett for å leie kontoret.

Rådgjeving

Avdelingsleiar Steinar Løkken i Nordplan fortel at selskapet over tid har arbeidd målretta for å styrke forretningsområdet energi og miljø.

– Med Tom Stadeløkken og Enøk-senteret får vi nå denne kompetansen på plass lokalt, seier Steinar Løkken.

Enøk-senteret er eit privat rådgjevingsfirma med hovudkontor i Ørsta og avdelingskontor i Ålesund. Med etableringa av avdeling i Vågå, får ein eit kontor som skal serve Gudbrandsdalen og resten av Innlandet.

Tom Stadeløkken har drive i bransjen i 32 år. Han var i mange år dagleg leiar av Proel i Vågå, og har dei siste åra arbeidd i Gudbrandsdal el-installasjon på Vinstra.

Stadeløkken fortel at han i starten vil vere med på hovudkontoret i Ørsta.

Løkken ser for seg at Stadeløkken blir bidragsytar opp mot prosjekt dei arbeider med når det gjeld energirettleiing og rådgjeving.

– Det er lovpålagt at alle offentlege bygningar skal ha energimerking. Det er ein stor marknad når det gjeld energisertifisering, seier Tom Stadeløkken.

Satelittkontor

Nordplan etablerte seg i næringshagen i Vågå i 2006, med Steinar Løkken som einaste tilsette. Kontoret i Vågå er eitt av fire kontor i selskapet.

I dag tel avdelinga i Vågå tolv tilsette som har sin daglege arbeidsplass på ysteriet.

Steinar Løkken fortel at dei det siste året har klart å rekruttere to nye arkitektar til kontoret, slik at dei nå er tre arkitektar. Live Melhus frå Skjåk er ei av dei.

Ho flytta heim att frå Oslo, og brukar ikkje meir tid på å køyre mellom Skjåk og Vågå, enn ho brukte på å stå i kø i Oslo.

For å kunne betjene marknaden og kundane i Sør-Gudbrandsdalen på ein betre måte, opnar Nordplan kontor på Vinstra etter nyttår. Kontoret vil bli styrt av Per Ove Røe, og drifta som eit satelittkontor frå Vågå.

– Nordplan har god erfaring med å plassere kontor lokalt for å få nærleik til kundar og marknad, seier Løkken.