Mobilnettet var delvis nede i Vågå og Sel sundag kveld. Årsaka var uvisst, og ein visste ikkje kor lenge det ville ta før nettet var oppe att. Telenor kunne sundag kveld stadfeste at det vart jobba med feilsøking.

Naudnettet fungerte som normalt.

Måndag morgon opplyser Vågå kommune at Telenor har retta feilen, og at mobilnettet fungerer som normalt.