Det har vore - og er fortsatt - stort engasjement kring årets adventskalender på Fjuken-TV, der oppgåva er å avsløre kva for ein ottadøl som gøymer seg bak ei nissemaske kvar dag i perioden 1.-24. desember.

«Fjukens Nissorama» har så langt hatt gode visningstal og bra deltaking - kvar einaste dag. Vi har også fått fleire meldingar frå sjåarar som tykkjer det er stas å delta.

Ikkje alle «nissane» er like enkle å avsløre, og kvar dag kjem det, i tillegg til rette svar, inn fleire «forvekslingar» på e-post og SMS.

Desse har vunne så langt:

1. desember: Jarleif Ellingbø

2. desember: Eva Birigitta Stee

3. desember: Nina Ophaug

4. desember: Kristin Teigen Stasviken

5. desember: Silje Sveen Lien

6. desember: Nils Jon Sandviken

Vinnarane får ei førjulspakke frå Fjuken.

Fylg med og delta på «Fjukens Nissorama» kvar dag på fjuken.no.