«Fekk igjen på skatti, no he ho silikon i tatti», syng festcountrybandet Vassendgutane i den humoristiske låta frå 2008.

Torsdag 7. mars startar Skatteetaten utsendinga av skattemeldinga til lønsmottakarar og pensjonistar for inntektsåret 2023. Da får du vite om du har skatt til gode, eller om du er skuldig og må betale restskatt.

I fylgje Skatteetaten skal alle ha fått tilsendt skattemeldinga innan 22. mars.

Skattemeldinga inneheld ei oversikt over inntekter, frådrag, formue og gjeld.

For å vera sikker på at du ikkje betaler for mykje skatt, må du sjekke at opplysningane i skattemeldinga stemmer. Nokre frådrag er utfylte på førehand, medan andre må ein føre opp sjølv.

Fristen for å levere eller endre skattemeldinga for privatpersonar er 30. april.

Du kan endre og levere så mange gonger du vil. Skattemeldingar som ikkje er levert innan 30. april, blir rekna som levert, med dei førehandsutfylte opplysningane som var oppgjevne ved fristens utløp.

Fristen for å levere skattemelding for næringsdrivande er 31. mai.

I fylgje Skattebetalerforeningen var det i fjor 3,2 millionar skattebetalarar som fekk attende pengar på skatten, medan 740.000 fekk baksmell og måtte betale restskatt.