Gratulerer med dagen! I alle tre ottadalskommunane ligg det an til å bli ein innhaldsrik nasjonaldag.

I Skjåk blir det flaggheising ved kommunehuset. Det blir også messe på Kraftverket før togoppstillinga på friidrettsbana.

Toget går mellom skulen og kommunehuset og ut på riksveg 15 ved friviljugsentralen. Vidare går toget til Skjåkheimen. Etter ei kort pause går toget attende til Skjåkhallen, der det blir tale for dagen ved Lars Petter Forberg, og underhaldning med mellom andre barnehagebarna og Skjåk toradergruppe.

Etter underhaldninga inne i Skjåkhallen, blir det ulike leikar på fotballbana. Det blir kiosk både inne og ute, med sal av både mat og drikke.

I Lom blir det flaggheising på kyrkjevollen og Lom helseheim.

På føremiddagen blir det folketog frå kyrkjevollen til Lom helseheim og vidare til Presthaugen. Ved Lom helseheim blir det allsong.

I Presthaugen blir det tale for dagen og underhaldning frå scena. Det blir også loddsal, leikar og open kiosk.

I Vågå blir det 17. mai-feiring i nesten kvar ei grend. Det blir folketog på Tessand, i Sjårdalen og på Lalm. I Vågåmo blir det sjølvsagt barnetog. Barnetoget startar ved Vågåmo skule og endar opp i Vågåhallen der det blir underhaldning, servering og loddsal. Deretter blir det leik og moro på Moajordet.

Underhaldning på Vågåheimen, festgudsteneste i Vågåkyrkja, musikk i gatene og kransenedlegging er blant det andre som skjer i Vågåmo på nasjonaldagen.

På Tessand, i Sjårdalen og på Lalm blir det feiring i samfunnshus/grendehus, med underhaldning, loddsal og servering.

Ha ei fin 17. mai-feiring!