Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samstundes tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".

Varslingsprøva i dag blir gjort over heile landet, rundt klokka 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spela av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonane vil ule.

Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar som er i Noreg og som er kopla på 4G/5G kan motta testen.

Hugse å oppdatere telefonen din, slik at du har den nyaste programvara frå operatøren din. Viss du ikkje har ein oppdatert telefon kan det hende du ikkje mottek testen.

Dersom du ikkje ynskjer å motta testen, må du setja telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 10. januar. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt.

Nødvarsel på mobil blir testa til heile befolkninga både for å gjera kjent med korleis det vil opplevast å få eit Nødvarsel og for å sikre at systemet fungerer som det skal.

I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjera for å verne deg sjølv.