– Myrkret har for alvor sniki seg på oss, og det er på tide å finne fram refleksene att. Dei aller fleste har mange refleksar liggande i skuffer og skap, og refleksdagen er eit ypperleg høve til å engasjere heimen til å leite fram det de har av refleksar. Ikkje la refleksen støve ned, men syt for at heile familien har refleksane tilgjengeleg når ein faktisk har bruk for dei, seier kommunikasjonsrådgjevar i Trygg Trafikk, Ann-Helen Hansen.

(Pressemelding)

Reflekstips:

1. Fest refleks på alle jakker og sekkar/bagar.

2. Legg refleksband i skoene

3. Bruk refleks som rører seg når du går, da er du mest synleg

4. Bruk minst to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar

5. Heng refleksen i knehøgd

6. Aller mest synleg er du med ein god refleksvest