I heile Sør-Noreg og delar av Nordland var desember 2022 «kald», og til dels «svært kald» nord på Austlandet og i indre strok av Trøndelag. I resten av Nord-Noreg var desember «normal kjølig» eller «kald». Landstemperaturen var 2,9 grader under normalen, og månaden vart den kaldaste desember sidan 2012.

Slik oppsummerar Meteorologisk institutt lufttemperaturen sist månad. I måleserien som går attende til 1900 vart måneden den 26. kaldaste desember.

Lufttemperatur

Dei kaldaste stasjonane i desember 2022 var:

  • Folldal – Fredheim (Innlandet) -17,0 grader (7,3 grader under normalen)

  • Leirflaten (Sel, Innlandet) -16,2 grader (6,2 grader under normalen)

  • Tynset – Hansmoen (Innlandet) -14,9 grader (5,4 grader under normalen)

Dei varmaste stasjonane i desember 2022 var:

  • Ytterøyane fyr (Kinn, Vestland) 3,4 grader (1,5 grader under normalen)

  • Kvitsøy – Nordbø (Rogaland) og Utsira fyr (Rogaland) 3,3 grader (båe 1,3 grader under normalen)

  • Røvær (Haugesund, Rogaland) og Svinøy fyr (Herøy, Møre og Romsdal) 3,2 grader (høvesvis 1,2 grader og 1,9 grader under normalen)

Høgaste maksimumstemperatur var 12,2 grader, som vart registrert 20. desember på Ålesund IV (Møre og Romsdal). Gjennomsnittet av høgaste temperatur i Noreg i desember i normalperioden 1991-2020, er 14,6 grader.

Lågaste minimumstemperatur var -35,9 grader, og vart registrert den 13. desember på Karasjok – Markannjarga (Troms og Finnmark). Dette vart også årets lågaste temperatur. Gjennomsnittet av lågaste temperatur i Noreg i desember i normalperioden 1991-2020, er -35,3 grader.

Nedbør

Når det gjeld nedbør var månaden i sørlege delar av Austlandet, i fylgje Meteorologisk institutt, «våt», medan den elles i Sør-Noreg var «normal – tørr» eller «tørr». Sørlege delar av Finnmark registrerte ein «våt» og til dels «svært våt» desember, elles var månaden «normal – tørr» eller «tørr» i Nord-Noreg. For heile landet samla kom det 20 prosent mindre nedbør enn normalt.

Dei våtaste stasjonane i desember 2022 var:

  • Gullfjellet (Bergen, Vestland) 341,2 mm (33 prosent mindre nedbør enn normalt)

  • Hovlandsdal (Fjaler, Vestland) 291,6 mm (26 prosent mindre nedbør enn normalt)

  • Eik – Hove (Lund, Rogaland) 281,2 mm (14 prosent mindre nedbør enn normalt)

Dei tørraste stasjonane i desember 2022 var:

  • Otta – Skansen (Sel, Innlandet) 9,8 mm (Ingen normal ennå)

  • Skjåk II (Innlandet) 11,7 mm (55 prosent mindre nedbør enn normalt)

  • Tynset – Hansmoen (Innlandet) 13,9 mm (48 prosent mindre nedbør enn normalt)

Høgaste døgnnedbør var 85,5 mm, og vart registrert den 31. desember på Gullfjellet (Bergen, Vestland). Gjennomsnittet av største døgnnedbør i desember i normalperioden 1991-2020 er 110 mm.