Ved operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt får Fjuken opplyst at det har vore eit trafikkuhell på riksveg 15 ved Billingen i Skjåk. Det skal vera prat om ei singelulykke.

– Ein bil har fått sleng og hamna i grøfta. Det skal ikkje vera personskade, og heller ikkje noko særleg skade på køyretyet. Politiet har difor ikkje rykka ut til hendinga, men brannvesenet er på veg til staden for å sjekke situasjonen. Ambulanse har heller ikkje rykka ut, sidan det ikkje skal vera personskade, opplyser operasjonsleiaren til Fjuken klokka 22.

Politiet fekk melding om uhellet klokka 21.42.

I fylgje operasjonsleiaren skal det vera fire personar i bilen. Dei involverte er i fylgje politiet ikkje heimehøyrande i vårt distrikt.