NVE varslar fare for flom på oransje og raudt nivå i delar av Nordfjord, Sunnmøre, Romsdal og Sunndal. Det er også varsla jordskredfare på oransje nivå for indre strok av Sogn og Fjordane, fjellstroka i Oppland og indre strok i Møre og Romsdal.

Måndag formiddag er det allereie stor vassføring i mange bekkar og elver som renn frå fjellområda nordvest i Sør-Noreg. Dette skuldast høge temperaturar og snøsmelting dei siste dagene.

Det er venta mykje regn frå mandag efta til tysdag eta. Det vil auke vassføringa ytterlegare. NVE varslar derfor flomfare på raudt nivå for deler av Nordfjord, Sunnmøre, Romsdal og Sunndal. Det er varsla flomfare på gult nivå for store delar av fjellområda i Sør-Noreg.

NVE har varslar flomfare. Foto: NVE

– Regnet som kjem kan føre til store vassmengder, flomskred og jordskred. Vi frårår derfor folk om å legge ut på tur i fjellet og bratte skråningar, og langs bekkar og elver med stor vassføring. Vatnet kan stige fort og det er ikkje sikkert at du kan krysse den same elva på veg heim att, seier vakthavende hydrolog Seija Stenius.

Som følgje av snøsmeltinga og mykje regn er det også fare for jord- og flomskred langs bekkar og i skråningar der snøen smeltar i indre strok av Sogn og Fjordane, fjellstroka i Oppland og indre strok i Møre og Romsdal.

I Skjåk har innbyggjarane fått SMS frå kommunen med oppmoding om å sikre ting og utstyr som ligg lagra ved elvekanten. Kommunen er i beredskap.