Fylkesutvalet i Oppland behandla tysdag saka om Sognefjellsvegen skulle opnast tidlegare.

Ynsket frå næringsliv og kommune i Lom, er å få opna vegen til 1. april.

Fylkerådmannen rådde til å halde på dagens opningsregime, med opning tidlegast 1. mai.

Noko vedtak vart ikkje fatta, da det vart føreslege å utsetja saka for å gjennomføre møte med kommune og næringsliv før eit endeleg vedtak blir banka.