– Vi er svært tilfredse med fjoråret. Det vart utruleg bra, med ein knallgod omsetnad, seier Peter Brag.
1. juni i fjor opna han og kona Nina fjellbutikken Coop Marked på Randsverk. Butikken er eit samarbeid mellom Coop Ottadalen og vertskapet på Randsverk AS, og er sesongbasert.
Coop-butikk i Randsverk
I helga opna vertskapet Peter og Nina Brag fjellbutikken att. Coop Marked Randsverk har ope til og med 2. påskedag. Da held butikken stengt til siste helga i april.
– Da startar sesongen på rett, og da held vi butikken ope til og med haustferien, fortel Peter.
Han og kona håpar på ein minst like bra sesong dette året, og har trua på butikken i Randvserk.
– Dette samarbeidet er bra både for oss og for Coop Ottadalen. Ved å vera ein del av Coop-systemet kan vi både ha mykje betre vareutval og lågare prisar enn da vi berre dreiv ein kiosk på eige initiativ, seier Peter Brag.
Vertskapet har fått berre gode attendemeldingar på fjellbutikken, både frå bygdefolk og frå turistar.
– Vi gler oss på fortsettinga, seier ein optimistisk Peter Brag.