Godtlevert.no er Noregs største leverandør av matvarer og oppskrifter på døra.

– Vi opnar stadig opp for levering på nye stader. Det kjem an på kor mange som har meldt seg interessert i kvar enkelt kommune, melder Godtlevert.no i ein e-post til Fjuken. Hovudkontoret til Godtlevert.no ligg i Oslo. Det same gjer lageret. Det betyr at alle matkassene blir pakka på lageret i Oslo, henta av transportørane og deretter køyrt ut rundt omkring i landet.

– Varene blir levert på døra til alle kundane våre, melder Godtlevert.no.