Det vart ei kjenslevar opning av mønstringskonserten under Vågåtreffen laurdag. Ein fullsett sal reiste seg og minna spelemannen Semon Grindstuen med eitt minutts stille før dei fire gjenverande spelekameratane i Grindstuen og Midtlis orkester spela for å heidre kameraten.

Semon Grindstuen gjekk den 14. september brått og uventa bort, berre vel ein månad etter at gruppa gjekk til topps under Landsfestivalen i Lom.

– Semon fekk oppfylt ein draum med å gå til topps på Landsfestivalen, sa treffgeneral Arne Stasviken i ei stutt minnetale. Han minna Semon som ein raus person som var høgt akta i gammaldansmiljøet.

– Den beste måten å heidre ein spelemann som har gått bort, er å spela vidare, sa programleiar Ola Grøsland etter den spesielle opninga. På rekkje og rad kom spelemenn og grupper på scena, røynde spelemenn og rekruttar.

Eitt av høgdepunkta under Vågåtreffen har vore utdeling av Vågåfatet. I år gjekk heideren til trekkspelaren Håvard Svendsrud.

Torleif Kvehaugen i Vågå trekkspelklubb og prisvinnar Håvard Svendsrud. Foto: ARVE DANIELSEN