– Det er greitt å få avkrefta dei feilaktige rykta som går, seier Venke Myrhaug Frikstad.

Ho og Haldis Garmo som har drive Vågå Klær & Utstyr på Vågå handelsforeining i 13 år, har den siste tida fått ei rekkje spørsmål både på telefon og av kundar i butikken, om dei skal leggje ned butikken.

Bakgrunnen er at Matkroken på Vågå handelsforeining stenger dørene for godt fyrstkomande fredag. Etter at Coop kjøpte opp ICA som mellom anna eigde Matkroken, bestemde Coop seg for at matbutikken på Vågå handelsforeining er blant fleire butikkar som skal leggjast ned. Siste opningsdag for Matkroken i Vågå er fredag 11. september.

– Mange trur tydelegvis at heile huset skal leggjast ned, og ikkje berre Matkroken, og det er synd, tykkjer Haldis Garmo på Vågå Klær & Utstyr.

Både bygdefolk og andre har vore i kontakt med drivarane av klesbutikken, og gjeve uttrykk for at dei tykkjer det er dumt at butikken deira og handelsforeininga nå skal leggjast ned.

– Dette stemmer så absolutt ikkje. Det er berre matbutikken som blir borte, stadfestar Haldis og Venke.

Dei er leie av spekulasjonane og rykta, og tykkjer det er keitt å heile tida måtte svare på spørsmål kring nedlegging.

– Det er ikkje særleg triveleg at mange går i trua om at vi skal stenge dørene, når vi i realiteten skal drive vidare, seier Haldis Garmo.

Ho meiner at mange framleis trur at det er som i «gamle dagar», at det er Vågå handelsforeining som eig butikkane på varehuset, og at dette er mykje av grunnen til rykta.

– Før eigde handelsforeininga alt. Men for ein del år sidan stifta foreininga aksjeselskap. Nå eig dei berre byggmassen, og leiger ut lokalitetar til frittståande aktørar, seier Haldis Garmo.

Vågå handelsforeining husar i tillegg til Matkroken og Vågå Klær & Utstyr også Lugumstugu og Vågå Bok og Leker.

Lugumstugu har som Vågå Klær & Utstyr ved fleire høve vorte kontakta med spørsmål om dei skal leggje ned butikken.

– Det har vore ein del spørsmål om akkurat det, ja, men eg kan slå fast at vi ikkje har planar om å gjeva oss, seier Mette Ragnhild Valde Damstuen på Lugumstugu som har vore på foreininga i sju år.

Heller ikkje Vågå Bok og Leker har planar om å stenge døra med det fyrste. Drivar Oddny Jorunn Bakke fortel at ho ikkje i like stor grad som dei andre har fått spørsmål om dei skal gjeva seg, men at enkelte kundar har kome med kommentarar som «Døkk skal ikkje gjeva døkk døkk da vete?».

Det er førebels uvisst kva som skal fylle lokala etter Matkroken på Vågå handelsforeining når dei stenger dørene fredag.