Statens vegvesen blir saman med Oppland fylkeskommune og Øystre Slidre kommune dei nye eigarane av ValdresFlye 1389 når Valdresflye AS nå sel det gamle Vandrerhjemmet.

Dermed kan planane om eit offentleg finansiert nytt bygg på toppen av Nasjonal turistveg Valdresflye bli realisert.

Bygget skal i fylgje pressekontakt i turistvegseksjonen i Statens vegvesen, Per Ritzler, innehalde utsiktsrom og spiseareal for inntil 50 personar, samt eit kjøken for enkel servering, og eit offentleg toalett.

Her vil turistar og fjellfolk få både mat og varme, 1389 meter over havet, medan dei kan nyte utsikta i eit bygg med arkitektoniske kvalitetar som står i stil med både tomta og Nasjonal turistveg Valdresflye.

Bygget vil etter planen få ei grunnflate på om lag 200 kvadratmeter. Økonomisk ramme for planlegging og gjennomføring av bygget og ein parkeringsplass er 25 millionar kroner.

Ritzler opplyser at planane førebels berre er på idéstadiet.