Det har vore eit samanstøyt mellom to personbilar i krysset Rv15 Ottadalsvegen og E6 Gudbrandsdalsvegen på Otta.

Ulykka skjedde ved 11-tida måndag.

Naudetatar rykka ut til staden.

Klokka 12.43 kan operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt melde at to personar er tekne hand om av helse.

Politiet har ingen opplysningar om skadegrad, men opplyser at vegen er rydda og at trafikken går som normalt.