Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, og leiar i Norsk Målungdom, Frida Pernille Mikkelsen.

12. mai i 1885 vedtok Stortinget å likestille nynorsk og bokmål. Vedtaket har sidan vorte kalla «jamstillingsvedtaket».

– Vi ynskjer at fleire skal ta steget og faktisk skrive nynorsk. At fleire får møte nynorsk, vil alle tene på, seier Frida Pernille Mikkelsen.

foto
Frida Pernille Mikkelsen er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Rebekka Hovland

Nynorskdagen er Noregs Mållag og Norsk Målungdom si markering av Frivilligåret, og Målungdomen og Mållaget har sendt ut utfordringar om å skrive nynorsk denne dagen til både frivillige organisasjonar, privat næringsliv, ulike delar av kulturlivet og til departement, direktorat og fleire statlege verksemder.

– Vi vonar flest mogleg tek utfordringa, og at vi får sjå nynorsk frå alle kantar torsdag 12. mai, seier Peder Lofnes Hauge.